Skrevet av Eldrid Skudal
7. til 10. august 2025 vart den Nordiske Permakulturfestivalen på Kirkjulækjakot i Fljótshlíð, Island.
Å samle ein gjeng med permakultur-interesserte folk er noko for seg sjølv, og på Island har dei verkeleg fått det til! Takk for ei herleg helg med likesinna! Tenk ein heil gjeng engasjerte mennesket som er opptekne av det same som deg! Takk for gode samlingar og menneskemøter!
Sola strålte, og fleire av Workshop’ene og avslutningsfesten kunne difor flyttast utandørs i finvêret. Det var ein positiv og uventa kontrast til festivalen Espen og eg kom frå i Wacken i Tyskland. Festivalområdet der var dekt i gjørme og regnet hølja ned… Det var ekstra bra at veret var godt, når vi reiste med fly og berre hadde pakka ned det vesle fjellteltet vårt og skulle bu i det nokre dager.
Det var eit stort spekter av workshop’er å velje mellom. Blant anna kunne du bygge steinmurar, delta på Thomas Pausz – “pollinering i permakultur- drivhus”, du kunne høyre om permakultur og databruk, samt delta i ein manne-sirkel, som eg høyrde var svert givande!
Barna hadde og mange ulike tilbod, toving, spikking med meir. Eg hadde maleverkstad med ein engasjert og flott gjeng. Dei fann seg først ein stein som «talte» til dei og dei malte steinane. Mange la ein eller to steinar att som gåve til den flotte staden vi var på. Mange flotte kunstverk vart det 😊
Looby Macnamary snakke om viktigheita av å jobbe med å få til endringar i kulturen. Kulturendring for å skape reelle/ permanente endringar i folks åtferd. Dette var eit av mine høgdepunkt. Ho er engasjerande, flott og har utvikla fleire gode verktøy.
Al fortel oss at “Cultural Emergence toolkit” er et rammeverk og et sett med verktøy skapt av «Social Permaculture-leder Looby Macnamara», som brukes for å transformere personlige, kollektive og globale kulturer mot mer livsnærende og regenerative fremtider. Verktøykassen hjelper folk med å bryte tankemønstre, bygge motstandskraft, skape kollektiv visdom og ta bevisst handling for å utforme og manifestere en ønsket fremtid. Den kombinerer visdom fra urfolk, permakulturdesign og systemtenkning for å skape en fredelig, regenerativ og mer tilkoblet verden.»
Erikki hadde ei interessant workshop om «Omsorg for bier og dyp økologi» Respekt for biene og deira naturlege væremåte. Han var opptatt av at ein kunne legge til rette for at nokre av biene burde få bli ville igjen, slik at ville stammer ville kunne utvikle seg. Intersant og viktig med djup økologi tenking, den og permakultur går hand i hand.
Eg har arbeidd med å forstå design-tanken i permakulturen. I diplomprosessen min fokuserer eg på Permakultur på norsk, og det å forstå permakulturdesign i norsk kontekst. Når vi bygde drivhuset hadde eg fokus på korleis designet kunne gjere drivhuset enda meir funksjonelt og ha ei permakulturforståing integrert. Kva trengte vi å undersøke, og korleis kunne eg ta omsyn til mine observasjonar, og lage så mange kolbingar som mogleg. Eg ville lage eit praktisk hus som trengte så lite bruk av energi som mogleg, men som likevel gjev overflod og utbytte.
Festivalen starta torsdag med reise til den regenerative garden Lækjartún farm.
Der fekk vi mykje av den gode maten vår frå.
Eg tenker vi treng ein refleksjon kring mangfaldet vi ynskjer å fremme i permakultur-samlingane våre. Vi ynskjer invitere inn bønder og småbrukere til å bli ein del av vår kultur og filosofi, men vel ofte og til å servere mat som ikkje vert eller kan bli produsert på vestlandslandbruket. Vi må respektere mennerskers val, vi må ha plass til veganeren, men og til småbrukaren med eit spekter av dyr og ulike avlingar. Mangfaldig er vårt mantra, vi ynskjer å kunne påverke til ein god og berekraftig landbruk, da må vi og syne respekt for bøndene og få dei med på laget! Kortreist er bra, ureist er enda betre! Det er det holistiske tankesette som har fått meg til å tru på permakulturen, som ein livsstil og som ei løysing!
Maten var god, men likevel grublar Espen nok litt på om eg får han med på fleire vegetar/ vegan-arrangement, eventuelt spørst det om han vil lure med seg litt «niste». Vi saknar begge den heilskaplege tanken som permakultur og kan vere.
Morgonane starta kvar dag med samling for dei som var tideleg vaken og klar det. Morgon Qigong, meditasjon og yoga. Nydeleg og samlande start på dagen i fin sol.
The Nordic permaculture festival starta opp i 2011 in Danmark, initiert av Catherine Dolleris, Karoline Nolsø Aaen og Thyco Holcomb. Det har vakse og utvikla seg og sirkulerer mellom dei nordiske landa. Danmark arrangerte i fjor, Sverige, Finland og Norge står for tur.
Takk for oss! Sjåast i 2026 i…?





