Et grunnleggende prinsipp i permakultur er at vi setter pris på mangfold. Akkurat som alle artene i naturen lever i samspill med hverandre, så er hver person unik og spiller en avgjørende rolle i foreningen.
Her har du mulighet til å bli bedere kjent med vår medlemskoordinator, Eldrid Skudal:
Vi treng å få håpet tilbake, permakultur gir deg både praktiske løysingar og den heilskaplege tankeramma!
Husker du noe fra ditt første møte med permakultur (når, hvordan)?
Det var vel i 2020 😊 Eg hadde kjøpt meg ca. eit mål «tilleggsjord» og leita etter nokon som kunne hjelpe meg med planlegginga. Eg hadde alt lest Jordboka 1 og Jordboka 2, av Dag Jørund Lønning, og ville ha ein hage som tok omsyn til det eg hadde lært der. Eg ville ha ein design/ hageplan som tok omsyn til det estetiske, det smarte/ praktiske og plantene/ jordlivet/ molda. Eg søkte ei heilskapleg løysing, og det var jo permakultur. Eg googla, såg haugevis med videoar – og gjekk på skoghagekurs med Jen McConachie, og så var eg i gang!
Hva er din bakgrunn og hvordan kan den kombineres med permakultur?
Snart ferdig med PDC, grunnkurs i permakultur. Eg hadde to bestefedre som har vore oppteken av hage, og har gått i skule med dei, vendt på kompost og plukka bær. Eg er barnehagelærer, og har arbeidd med små og store barn, og vore styrer i barnehage. I arbeid med barn og vaksne har eg vore opptatt av dei tre Mane mine. Meistring, motivasjon og oppleving av meining. Permakultur kan vere med å gi både barn og vaksne akkurat dette. Så og sjå planter gro, hauste og kanskje lage eit sitt eige syltetøy eller suppe. Eg har lyst å bruke permakultur til å gi ei kjensle av håp, og måtar å løyse utfordringane vi står i.
Hvor kommer du fra, hvor holder du til nå, og er du med i et lokalt permakulturlag?
Eg kjem frå Høyanger i Sogn, og bur no på Sande i Sunnfjord. Her er ikkje noko permakulturlag enda, men vi snakkar om å starte eit.
Hvorfor har du valgt å engasjere deg i Norsk Permakulturforening?
Eg tenker permakultur gir svaret på mange av dei store utfordringane vi står i i dag. Vi treng å få håpet tilbake, permakultur gir deg både praktiske løysingar og den heilskaplege tankeramma. Ein kan nytte tenkinga ute i hagen, men og inn i eige sinn. Kva er dei gode løysingane for meg, korleis lever eg livet mitt best?
Dei 12 prinsippa og Verdiane i permakultur er retningsgivande for meg.
omsorg for jordkloden, omsorg for menneske og rettferdig fordeling.
Eg prøver tenke slik i små og store val.
Hvorfor ønsker du å spre kunnskap om permakultur?
Permakultur vert eit tankesett som vil kunne gi håp og hjelpe folk til å ta konkrete handlingar, gi livet ei retning og eit mål. Vi vil saman kunne redde kloden. I alle fall vil vi kunne gjøre vår lille bit av det arbeidet. Korleis kan ein med så få innsatsfaktorar som mogeleg få så godt utbytte som mogeleg, og på naturen sine premissar. Korleis bygge jorda, spele på lag med soppen og marken, planter og dyr. God mold bind karbon og karbonholdig jord er optimalt for plantene og jordlivet. Det er ei av løysingane i høve klimautfordringane vi står i saman med å auke det biologiske mangfaldet.
Hvordan bruker du permakultur til daglig?
Eg er i gang med å bygge opp Eldrids Skoghage. Ein stad for undring og læring i samspel med naturen. Ein stad for undring, utforsking og ro. Ein møtestad kring regererativ matauk, staudegrønnsaker og arter som vil vere viktige i beredskapstanken.
Espen og Eldrid bygger opp ein liten skoghage, vi testar metodar og utfordrar eigen kunnskap og lærer nye ting. Ein stad å hauste mest mogeleg i sesong, og å forsøke å utvide sesongen med aktuelle artar. Grøda skal nyttast i sesongen, men og foredlast til spanande produkt som kan lagrast og nytast gjennom året.
Ein stad med god jord som regenererer. Jobbar du godt med jorda vil den både bygge karbon og gi deg meir tilbake år etter år, vi bygger mold sakte os sikkert med bokashi, biokol, jorddekke med flis og planterestar m.m.m
Hva er ditt favoritt-permakulturverktøy og hvorfor?
Skoghage, der ein kopierer naturen med samplanting der dei ulike plantene skal gi støtte for kvarandre. Nokon hentar opp næring, andre gir støtte og le, medan andre igjen gir nektar til bier og andre insekt. Dei fleste støtter og kvarandre gjennom soppsambandet under gjorda (Mykorrhiza ). Målet er å skape sjølvgåande system, med minimalt arbeid.
Sonedeling er og viktig for meg, der du plasserer det viktigaste, og som det vil vere mest arbeid med., nærast huset ditt og deg sjølv, sone 00, og det minst viktige, eller det som du har minst med å gjere, i sone 5. Ein kan bruke sonedeling til å prioritere arbeidsoppgåver, forme ein stad eller systematisere tankane sine.
Hva liker du best å dyrke selv?
Vi har vore sjølvberga på kvitløk ein del år, det herleg å ha noko som gir så mykje god smak på ein så enkel måte. Frukt og bær gir mykje god mat og drikke, og kan brukast på så mange måtar. Rabarbraen startar tidleg, og gir både vin, pai, grøt og syltetøy. Poteta vil vi og trekke fram, den kan og brukast til så mykje og er lett å ta vare på og du skaper dine eigne setjepoteter for videre produksjon. Vi har fått mange småpoteter av ulike variantar frå Kvann, og vi driv og testar ut kva sortar som vil trivast best hjå oss, og som og smaker godt. Potethaustenn har nok redda mange opp gjennom tidene.. Huff, det vart litt for vanskeleg å velje..
Hva hadde du vært i ei samplanting og hvorfor?
Valurt – det er eg. Sender lange røter ned og sug opp kalium og viktige mineral
som eg deler med dei andre. Pyntar meg med lilla, kan dekke molda godt, men av og til bli litt masete.
Nevn tre verdier som er viktige for deg og ditt liv akkurat nå?
Eg tenker det er viktig å vere nyskjerrig, våge å teste men og gjere feil. Da må det vere nok varme og openhet slik at ein kjenne seg trygg i utforskinga.. Rettferdighet er og viktig i disse tider, med så store forskjeller, både høve frihet, muligheter og økonomi.
Kan du anbefale noen gode ressurser om permakultur og/eller regenerativ livsstil?
Min: Eldrids Skoghage Facebook
Jordboka 1 og 2 – Dag Jørun Lønning,
Sammenvevde liv – hvordan sopp forener verden, forandrer vår bevissthet og former vår fremtid | ARK Bokhandel
Efferus Forlag om planter av alle slag
K V A N N – Norwegian Seed Savers Stad å å bytte frø/ planter, mykje kunnskap å hente.
Kiss the Ground Film | Official Website (kissthegroundmovie.com) Fantastisk film
Biggest Little Farm: Home | NEON (biggestlittlefarmmovie.com) og ein Fantastisk film
https://www.singingfrogsfarm.com/ heimeside – ingen graving – biologisk mangfold
Hvis du kunne endret en ting i verden, hva ville det vært og hvorfor?
Fjerne fattigdom og svolt. Det er så mykje rikdom og så mykje mat i verden, den er berre så urettferdig fordelt. Vi kan ikkje la så mange svelte, mens kastinga av mat er enorm i både butikkar, hotell, i produsentkjeden og i mange heimar.
Dette er politisk vilje, dei kommersielle verdiane og marknaden har tatt over, vi må ta styringa tilbake. Maten måtte og bli produsert på ein måte som regenererer molda og tilliten og fellesskapet mellom folk.