Gratulerer!
Permakulturfolk har utdanna sine første PDC-haldarar!
Syv nye permakulturistar har fått PDC-sertifikat og ein ny utdanningsmodell har sett dagens lys. Ein skikkeleg desentralisert ein. Med folk frå Lindesnes til Tromsø! Det er så flott å få bygge nettverk og få vener med same interesse som ein sjølv.
For første gang har ein kunne starte Permakultur-design kurs (PDC, grunnutdanning) på tre ulike stader, så møttes dei digitalt på tvers av kursa og før dei avslutta det heile med ei samling på den flotte husmannsplassen Bøensætre i Aremark.
- Første gjengen møttes våren 25 på Hitra, der Synnøve Aukan held til med sin permakultur læringshage. Dei både planla plassering og bygde ein urtespiral. Alle deltakarene hadde eige hageprosjekt og fekk mange gode råd på vegen videre.
- På Sande i Sunnfjord møttes ein ny gjeng i Eldrids Skoghage, hjå Eldrid Skudal, der vart det laga Hugelbed og alle bidrog i matlaginga med mellom anna å lage pasta frå eigne egg, og samle salat med eit tjuetalls ulike planter i, alt frå hosta til stolt henriks melde.
- På Bøensætre samlast tredje gjengen, der fekk dei være med å sette opp laftekasse til badstu og åpne grøfter (svales). Det var i tillegg i beste innhøstingstid så maten sto i fokus, med mange spennende retter rett frå hagen til Hedda Kortnes .
Så hadde alle digitalt kurs, med kveldsmøter. Det vart gått gjennom mykje fagleg innhald og alle jobba parallellt på sine prosjekt, med mulighet til digital veiledning.
Dei som ville ta PDC møttes så på Bøensætre i oktober.
Eg, Eldrid var så heldig å få vere med på denne helga. Av praktiske oppgåver laga vi ei A-frame, som vi nytta vidare for å lage eit vannsystem i Hedda sin skogshage. A-frame er ein slags vater vi brukte for å finne vannrette linjer i naturen, til å lage «svales». Vi fekk og vere med på slakt av sau på garden, og mykje meir. Laurdag fekk vi presentert dei flotte og inspirerande oppgåvene frå spente deltakarar; Økotun, løse utenforskap med permakultur, planlegging av helt nytt sted å bo, nabolagshage, hage med spennede og nytenkende hagespiral, utvikling av gårdsbruk og terapihage i byen.
Som medlem i styret in Norsk permakulturforening, var det utruleg kjekt og inspirerande å følgje den nye og spanande prosessen Permakulturfolk har utvikla.
Som eigar av Eldrids skoghage var det kjekt å få eit oppstartkurs i hagen min, og å få vere med på avslutningssamling.
Som mor var det ekstra kult å sjå datteren Lene Beate gjennomføre PDC-utdanning i denne modellen, med oppstart i mammas hage og avslutning i ein flott gjeng frå heile landet.
Utsagn frå oppsummeringa:
Det er kjempe inspirerande å delta på kurset, bli kjent med andre med felles interesser og ideologi. Også er ei langhelg på Bøensætra et retreat i seg sjølv
Det er bra at det nå er flere som har både kunnskapen og infrastrukturen til å tilby PDC i Norge. Lærerne er fantastiske mennesker, det er masse lidenskap og motivasjon, og Bøensætre er et fantastisk sted for læring
Inspirerende kunnskapsrike folk som deler raust av egne erfaringer og kompetanse om bærekraft og klimavennlige løsninger for fremtiden vår.
På kurs med Permakulturfolk både lærer og lever man permakultur, og hele du er velkommen, takket være fantastiske kursholdere.
Rundt bordet oppdaga vi raskt at det var aktive folk frå ulike lokallag, frå det nye laget i Oslo, frå Bergen, frå Haldenkanalen og Agder, og etter det er vi i gang å samle folk i lokallag både i Sunnfjord og i Trøndelag.
Det er så kjekt å få spreie permakultur i heile landet, no møter eg stadig folk som har begynt å lukte på begrepet, og blir medlemmer i foreningen. For nokre få år sidan var permafrost framleis det dei fleste tenkte på når eg snakka om permakultur.
No har eg hatt vitjingar i hagen, og Hagelaget har invitert oss til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane. Ting skjer!
Takk!
Eldrid Skudal




Bli med på Permakulturkurs i 2026!


