Eldrid Skudal har vore på bokbad med professor i nyskaping og bygdeutvikling Dag Jørund Lønning. Med seg på stand hadde ho Elin Rydningen og Espen Farstad. Staden var Kulturhuset på Stord laurdag den 14 mars.
Dag Jørund Lønning blei bokbada av spesialrådgjevar i grøn omstilling ved UiB, Jane Jünger. Etterpå heldt han foredraget «Kvifor blei mennesket ein naturøydeleggjar, og korleis kan me bli det motsette..
Under dyktig, sildahovudspelande, programleiing av eldstebror Kjell Lønning blei det ein flott ettermiddag.
Sjølv presenterar forfattaren boka slik:
Møt homo satorem, det såande mennesket
«Boka som filleristar s(k)amtida og snur opp-ned på forholdet mellom menneske og natur er no ute
Me lever midt i ei akselererande global naturkrise. Artar og mangfald døyr ut i rekordtempo. På dei siste 50 åra er 73% av våre viltlevande medskapningar borte, melder WWF. Og likevel held nedbygginga av natur fram, både heime og ute. Men kva ville skjedd om me ikkje lenger fekk lov til å øydeleggja natur? Ville samfunnet, slik me kjenner det, ha kollapsa totalt?»
Dag Jørun tek oss med på ei vandring gjennom tida:
- Urtida da vi for det meste var sankarar, og måtte ta omsyn til kva vi kunne hauste.
- Lokaltida da dei fleste budde på bygda, og hadde i balanse mellom seg sjølv og livet rundt. Ein balanse mellom å så og å hauste. Og ein såg at ein måtte finne kor mykje ein kunne ta ut for ikkje å komme i krise i seinare år.
- Så tok Skamtida over og vi haustar heile kloden over evne. Forbruk og teknologisk nyskaping lar oss hauste over naturen sin bereevne. «Naturen vert til for mennesket (ingen stiller spørsmål ved hausteretten vår), og naturen vert nedkjempa med alle tilgjengelege konvensjonelle og biologiske midlar, om den står i vegen for «framsteg» og «utvikling»
- No er vi på veg inn i Katastrofetida, da naturen slår tilbake! Vi ser effekten av krisene, men held likevel fram!
- Grøntida er den tida vi må komme oss til. Vi må finne vår rolle i naturen der vi både bidreg og haustar, men nå vi bygge naturen oppatt i same operasjon. Vi må tenke regenerativt og alltid tenke at handlinga gjer naturen og kloden litt betre.
Vi må sjå at verdiskapinga skjer i naturen når vi spelar på lag med den! Vi får meir mangfald, meir liv og robuste økosystem. Grøntida vil bli ei feiring av livet! Vi må lære oss å fange karbon og skape liv.
«Men mennesket må ikkje vera ein øydeleggjar. Liv kan levast svært annleis og langt meir meiningsfullt. Med bokserien Losebøkene er det nettopp dei reelle utviklingsalternativa Lønning ønskjer å løfta fram. Og det før det er altfor seint: Mennesket treng ikkje vera ein passiv kopimaskin. Kva er poenget med kreativitet om ein ikkje brukar den?
I Andre Losebok. Det såande mennesket legg han fram eit nytt og radikalt annleis verdiskapingsprogram. Eit program for å skapa det me treng av verdiar, og byggja gode lokalsamfunn utan at dette går på kostnad av medskapningar og deira leveområde.
Boka utviklar eit breitt sett av verktøy og praksisar for korleis menneske – som enkeltpersonar, lokalsamfunn, kommunar, nasjonar og menneskeætt – kan gjera den produktive naturen til viktigaste allierte og samarbeidspartnar.» forklarar forfattaren vidare.
«Å skriva fram eit verkeleg naturnært menneskesamfunn har vore svært gjevande, fordi eit slikt samfunn i langt større grad kan gje det lokale, meiningsfulle og tett-på-natur-livet veldig mange menneske eigentleg vil ha», fortel forfattaren.
«Fleire og fleire er trøytte, slitne og leie av vedvarande masseforbruk. Av stress, angst, kriseredsle og kjensle av å aldri strekkja til. Det er nettopp dette som gjer at Grøntida framleis er mogleg. Mange menneske er klare for djup og grunnleggjande endring».

Sett frå eit permakultursynspunkt høyrest dette viktig og riktig ut. Vi ser og at permakulturen har mange av løysingane for å kome til grøntida. Kortreist, eller helst ureist mat på kortreiste innsatsfaktorar. Måtar som bygger samfunn og samtidig regenerer molda og samfunnet, og tek omsyn til både menneskjene og koden. Sirkuler-samfunnet som gjenbruker og skaper minimalt med avfall og bruker minimalt med energi og langreiste innsatsfaktorar. Økogrender, sjølvberga lokalsamfunn kan bli berekraftige alternativ til dagens kjøpefest og forbrukarsamfunn. Det materielle samfunnet må byttas ut med heilt andre verdiar som varer, og bygge fellesskap i staden for økonomisk vekst og rasering av naturen.
Det mennesket har skapt, kan mennesket og endre!
Dag Jørun Lønning
Vi heiar på Dag Jørund og lover å bidra til å bevege oss mot Grøntida!
Eldrid, Espen og Elin!


