Norsk Permakulturforening søker kandidater for styreverv

Årsmøtet i permakulturforeninga nærmer seg! Det skal haldast i februar. Då vil det på nytt velgast representantar til styre og stell, nye og gamle.

Noen er ikkje på val i år og fortsetter eitt år til, og noen heiilt nye blir valde for to komande år. Det er ingenting som står i vegen for å ta ein ny periode, sjølv om ein har hatt eit verv i to år, men det er opp til årsmøtet å velge.

Vi har ei rekkje med hyggelege utval og komitear som jobbar for å spreie god permakultur på fleire nivå, som jobbar mellom anna med medlemmer, med økonomi, med LAND-prosjekta og andre spennande saker. Det er kjekt å vere med, her kan ein verkeleg få brukt permakultur som designverktøy og ein blir kjend med mange dyktige og hyggelege folk!

Har du lyst til å gjere ein innsats? Kva har du lyst til å jobbe med? Ta gjerne kontakt med oss i valkomiteen! Du kan seie noen ord om deg sjølv så tek vi kontakt for ein samtale!

Hilsen valgkomiteen!

Jan Bang

Michael Bohm

Aasta Uri