Vil du lære å dyrke billig og enkelt med dei ressursane du har, i samspel med naturen, nesten utan å luke og vatne? Da er dette kurset for deg!
Ina Støen flytta til Sør-Aurdal i fjor, etter å ha tatt utdanning som økologisk agronom på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Det siste året har ho fordjupa seg i permakultur, som er ein verktøykasse for heilskapeleg forvaltning. No byggar ho opp garden Levande Lundelien, ein gamal husmannsplass utom allfarveg i Bagn i Valdres, saman med forloveden. Garden er ein registrert LAND-spire (Læring, Aktivitet, Nettverk og Demonstrasjon) og ynskjer å bli eit senter for permakultur. Levande Lundelien byggar gjennom sin drift og formidling bru mellom natur og menneske, og har som mål å utforske korleis ein kan leve i pakt med naturen gjennom sjølv- og samberging. Dei har tru på finne tilbake til styrkane våre saman, gjennom å bygge opp enkle, naturbaserte løysingar som fungerar no og i framtida.
Ina lære bort å dyrke med dei ressursane ein har, og etter naturens eigne prinsipp. Det er ein billig og effektiv måte å dyrke på, som er bra for oss, hagen, tidsklemma og lommeboka. Kurset passar for både nye og erfarne dyrkarar.
Ina jobbar no med ei 3-årig diplomoppgåve i permakultur, og er brennande opptatt å drive med, og formidle det ho kallar kvardagsdyrking. Å dyrke på permakulturvis gjorde det mogleg for ho å fortsette med det ho elskar, sjølv om ho strevar med smerter i kroppen og mangel på energi. Det gjorde at ho måtte ta heilomvending og lære å dyrke utan å verken grave, vatne eller luke.
Ho fortel: “Ein som var med i hagen vår på Lundelien spurte kva vi egentlig dreiv på med. Vi dyrkar gravefritt, mangfoldig og med jorddekke, svara eg. Det er godt for absolutt ALT! Men du legg berre rask oppå rask, også veks det? Ja, kort oppsummert!”