Kjært barn har mange namn og dette er eit vanleg og kjærkomen bed i mange permakulturhagar Hügelkultur– det er klimasmart dyrking i hagen!
Hügel betyr «haug» på tysk og hügelbedet er jo akkurat det; ein genial haug som er super å dyrke i.
Eit sjølvforsynt, fruktbart bed med mange fordelar:
- Du brukar «rusket» mange køyrer vekk frå hagen, greiner kvist og mykje anna. Dette må vere biologisk og nedbrytbart!
- Svert produktiv!
- Held på fukta, røtene kan strekke seg ned og hente fukt frå stokkane i botnen.
- Gir likevel god drenering, fukta renn lett langs bedet, og samlar seg nederst.
- Mikroliv og sopp bryt det ned og gjev frå seg næring lenge.
- Bygger mold og utvidar arealet.
- Du gror i høgda og får meir dyrkeareal.
- Nedbrytinga og soltilgangen kan generere varme.
- Utnytte fuktige områder, eller tørre områder!

Gravfri dyrking
– så langt som mogeleg, når du først har fått på plass. «skrothaugen»
Hügelbedet er verkeleg ein plass der du følger naturen sin måte, og legg ting på toppen og la mikroorganismar, planterøter, sopper og småkryp gjere jobben!
Hald fram å «fore» mikrolivet. For å halde nedbrytinga i gang bør du halde fram med å legge på nytt organisk materiale, for eksempel kompost, tang, gras, flis, lauv eller liknande.
Biokol er og genialt å bruke i hügelbedet. Kol som du «ladar» med Gullvann (urin) bokashiveske eller anna naturleg gjødsel. Dette er både fantastisk karbonlagring i molda og næringsfull matpakke for plantene dine!
Reine kinderegget! Bruk av «avfall» – karbonbinding – næring i lang tid!
Alt etter kva som er mest praktisk, eller du liker best.
Du kan velgje mellom å ha heile hügelbedet
- oppå bakken slik eg gjorde
- litt nede i bakken
- hovudsakleg under bakken
Bedet kan og brukas i ein bakke, for å bygge gode dyrkingsflater der.

Plassering
Bedet vert best etter nokre år med nedbryting. Så det er det viktig at det ikkje vert flytta. Det er og litt tungvint! – tenk derfor nøye gjennom plasseringa.
Det beste er om bedet ligg i sol, slik at ingen av sidene ligg i konstant skygge.
Framgangsmåte:
- Legg et lag ren ved-papp (kun dersom du stoler på kilden) utover der du vil bygge haugen. Andre alternativer: Gamle ulltekstiler av ren ull (om du får tak i) eller jutesekker / ubehandlet jutefiber.
- Store stokkar i botn om du har. Dette held på fukta: Det rotne trevirket i kjernen fungerer som ein svamp som syg til seg vatn. Dette gjer at bedet treng langt mindre vatning, noko som er særleg nyttig i turre periodar.
- Fyll på med variert lag av treverk,kvistar, lauv, tang, ull, biokol, gras og kompost mmm. (med mykje meir)
- Lag med mold i mellom
- Dynk med vann regelmessig under prosessen for å komprimere og tette hol!
- Vi la avis over molda, da vi har ein del frø-ugras i molda (brennenesle)
- Jorddekke på topp, av gress og flis for fuktighet, mikroliv og næring 🙂
- Lag hol til å plante i 😊 og gi litt ekstra mold i holet.


- Biologisk mangfald både over og under molda 😊
- Langvarig tilføring av næring: Etter kvart som treverket bryt saman vert næringsstoff frigjorde til plantene. Dette skapar eit sjølvgåande system som gjev god vekst i mange år framover.
- Gjev naturleg varme: Nedbrytingsprosessen inne i bedet genererer varme. Dette kan forlengje vekstsesongen ved at jorda vert varmare tidlegare om våren.
- Betre drenering og lufting: Sjølv om treverket held på fukt, sørgjer strukturen for at overflødig vatn vert drenert bort.
- Meir dyrkingsareal, Sidan bedet er forma som ein voll eller ein haug, får du ei større overflate å plante på samanlikna med eit flatt bed på same grunnflate.
Prinsippet kan du og bruke i ein palekarm:
Her skal det og nokre større stokkar i, og det eg har for hand eller finn i skogen 😊

Bloggaren: «Mat i hagen» har brukt denne metoden for å bygge mold i ein skrinn hage i årevis og seier: «Mine erfaringer med denne type bed er bare positive. Når det er tørke finner planterøttene vei ned til de våte stokkene og finner vann og næring der. Og når det er vått fungerer tyngdekraften, dvs at vannet synker gjennom bedet, og ingen røtter blir stående i vann.»
Ein god Hügelkultur tek tid sin tid.
Ikkje bli skuffa om dyrkinga ikkje gjev maksimal avling de første åra. Akkurat slik som når ein dyrkar med jorddekke kan det ta litt tid før forholda vert rette, det vil si til nedbrytinga har komet et stykke på veg og mikrolivet har etablert seg. Da gjev hügelbedet mykje tilbake. Du slepp så mykje vatning og gjødsling, og plantene stortrivest. I tillegg gagnar du mengdevis av nyttig mikroliv som vil hjelpe deg med en bekymringsfri dyrking i lang tid.
Vi var no likevel godt nøgde med resultatet alt første året!
Mange graskar, oreganoen vaks godt og kålrabien til julekvelden vart hausta på hügelbedet første sesong.
Erfaringar..? Vi ville nok lagt litt meir arbeid i å bygge bedet enda litt kraftigare og høgre, kanskje funne nokre større stokkar i botn? Det sank litt saman, men vi er likevel svert godt nøgde, og vil bygge på litt i år.

Det er kjekt å lage hügelbed!
Eldrid Skudal
Medlem i permakultur styret og eigar av Eldrids skoghage 😊
Fleir som skriv om Hügelbed:
«Mat i hagen» Facebook
Hugelkultur – dyrkingsteknikken som forlenger sesongen — Datsja
Hugelkultur på vannsyk jord – Del 1 – mariaberghestad.no
Ultimate Guide to Hugelkultur Garden Beds: Creating, Maintaining, and Benefits – The Druids Garden
Å bygge eit hügelbed med permakultur i bakhodet

Bill Mollison, ein av grunnleggarane av permakultur, som står bak filosofien om at kvart element i eit system bør ha fleire funksjoner.
Hügelbedet har i alle fall det, gir mat, du får brukt biologisk materiell som elles ville kunne bli oppfatta som avfall, du får utnytta eit kanskje mindre produktivt område og skaper fantastisk mold og biologisk mangfald!
Du kan leike videre med ideen om at dei enkelte elementa i bedet og bør ha fleire funksjoner! Skape skugge, jorddekke mm. Leik med ideen!
Her er David Holmgren sine 12 permakulturprinsipp, som kan vere nyttige å tenke på! Han er ein av grunnleggarane saman med Bill Mollison.
1. Observasjon og samhandling
Det første prinsippet handlar om å ta seg god tid til å observere og forstå omgjevnadane før ein startar. Dette kan bety å følge solens bane gjennom sesongane, studere kvar vatnet samlar seg og korleis vind påverkar hagen. Kor vil eit Hügelbed like seg best og gje deg optimalt med grøde! Skal du ha turketolande urter plasserer du bedet ein plass med meir sol, andre plantar vil ha andre behov.
Kva hügelbed vil du bygge og kor vil det ha det optimalt?
Deg sjølv: Observasjonen bør og ha eit blikk mot deg sjølv, kva er dine styrker og eventuelle utfordringar. Kan du grav eit bed og bære stokkar?
Dine omgjevnader handlar og om foka ikring deg;
Kva ressursar har du i nærleiken eller i familien, kan ev nokre av dei grave om du har utfordringar med det, eventuelt lagar du kanskje eit bed oppå graset, med god papp på.
Har du ein nabo med hestar, som du kan få møk ifrå, og som seinare kan få graskar frå deg?
2. Fange og lagre energi
Dette prinsippet handlar om å utnytte og bevare naturens ressursar (vann, varme, jord-jordlivet.
Hügelbedet sitt mål er å samle både næring, og fukt samtidig som det gir gode bo forhold for mikroliv og mychorizza, mange plantar vil like seg godt der! Det organiske materiellet forer jordlivet og planten trivest.
Plasserer du det optimalt i høve solas gang, vil sola skape både varme i bedet og fotosyntesen i blada 😊 Da er solenergien fanga i planta og du kan få energi i dine måltid. ,
Planlegg og å ta vare på grøda du har dyrka, for å ete ureist heile året.
3. Få ei avling
Hügelbedet kan gje mykje tilbake. Å skape ei avling handlar om å få grøde i hügelbedet, men det er fleire former for avling: glede og estetiske opplevingar kan og regnast som avling. Gleda ved å sjå bedet fungere, og gleda over å bruke «avfall» for å skape ei avling. Kva vil vere viktig for din avling? Nokre fine blomar som trekker til seg insekt og skapar ei avling og for humler på vitjing. Fleirårige plantar kre mindre arbeid, og gjev plantar med like mykje næring som dei vi må så og passe på! Korleis best og ta vare på avlinga.
4. Bruk sjølvregulering og ta imot tilbakemeldingar
Permakultur er læring, vi kan få tilbakemeldingar frå folk som vitjar, men og frå hügelbedet, kva fungerer og kva fungerer dårleg? Vi må evaluere, justere, prøve og tilpasse.
For eksempel, om ein plante ikkje trivest, kan det være fordi jorda er for næringsfattig eller vatninga er feil. I staden for å gi opp, kan vi gjere endringar og lære av erfaringane. Kanskje trenger bedet lenger tid, eller kanskje litt ull eller kompost rundt røtene til planten. Det er og mulig å plante ein nitrogenfikserande nabo, som på ein enkel måte tilfører nitrogen i molda.
5. Bruk og verdsett fornybare ressursar og tenester
I hügelbedet er det jo optimalt og sjølvsagt å bruke ressursar som naturen og hagen allereie tilbyr i staden for å vere avhengig av eksterne innsatsfaktorar. Kanskje kan du hente litt tang frå ei strand du vitjar, eller snakke med ein bonde om litt halm eller gras. Du kan og dyrke fleirårige plantar som kommer igjen år etter år.
6. Ikkje produser avfall
I naturen finnes det ikkje avfall – alt blir resirkulert. Hügelbedet er ein flott plass til skape dette kretsløpet som gjer naturen så frodig og motstandsdyktig. Prinsippet oppfordrar oss til å minimere svinn og finne nye måtar å utnytte ressursar på. Kompost og ull, gras og gamle stokkar, det meste organisk materiell kan fungere i eit hügelbed, kjøt og fisk kan ha ein tur innom bokashibøtta eller varmkomposten.
Biokull frå hagen med hønsemøkk frå hønsehuset som seinere skaper gresskar til hønene!
7. Design frå mønstre til detaljer
Når man planlegg eit hügelbed, bør man starte med heilskapen før man går ned i detaljane.:
- Kva er målet med denne hagen og kva ynskje har du for hügelbedet?
- Korleis beveger du deg i hagen, kor er bedet passeleg tilgjengeleg?
- Kva plantar skal du ha i bedet? Skal du ha urter, og salat og ting du ofte vil ete av bør det plasserast nær huset i sone 1, har det meir ting som vert moden seint som graskar kan du ha det i sone 2 som er litt lengre borte frå huset men likevel lett tilgjengeleg.
8. Integrer i staden for å separere
I hügelbedet samarbeider alt, frå stokken i botn til kompost og mychorizza.
I staden for å ha separate områder for blomster og grønsaker, kan vi blande dei for å tiltrekke pollinerande insekt og nyttedyr, det vil og forbetre jordsmonnet. Vi komposter på staden og lar gras og planterestar ligge på jorda.
9. Bruk små og langsame løysningar
Det er betre å starte i det små og prøv deg fram. Hügelbedet fungere godt det første året, men vi bli betre og betre etterkvart. Ikkje grip over for mykje, slik får du høve til å lære undervegs og tilpasse deg ved behov. Hügelbedet vert eit no-dig område som stegvis for å forbetre jorda over tid.
10. Bruk og verdsett mangfald
Jo meir variert hagen og bedet er, desto meir motstandsdyktig blir den mot skadedyr, sykdommer og klimaendringer. Dyrk fleire ulike grønnsaker for å redusere risikoen for dårlige avlinger. Prøv å tiltrekke eit mangfald av insekt og fuglar for naturlig skadedyrkontroll.
11. Bruk kantsoner og utnytt det marginale
Overgangs soner mellom to økosystem er ofte dei mest produktive områda. Her er ein flott plass for eit hügelbed. Du nyttar området godt og kan skape grøde frå eit område som før ikkje var i bruk!
12. Utnytt og svar på endringar kreativt!
For å lykkes i hagen må vi være fleksible og tilpasse oss skiftande forhold, dette gjeld og hügelbedet. Vart det tørrare enn forventa, eller bedet hovna i ein dam? Ved tørke kan vi bruke grasklipp som jorddekke for å bevare fukta. Blir det for vått, kan ein finne plantar nederst som vil takle dette eller kanskje bygge ein svail som fører vatnet dit vi heller vil ha det 😊

