Er du interessert i å dele et småbruk på Tysnes i Sunnhordland?

Me har eit småbruk, på Tysnes i Sunnhordland, Vestland fylke. Me har snakka ei stund om at me kunne tenkt oss nokon å dela bruket og arbeidet med.

Gjerne yngre personar som etter kvart kan overta, men ikkje eit krav, me er opne for mange løysingar.

Det viktigaste er at det er nokon som vil vera med å bidra til drifta, på eit eller anna vis, men det er òg moglegheit starte sitt eige «prosjekt».

I dag har me mjelkegeit, sau og nokre utehøns på bruket. Lucianne vidareforedlar all geitemjelka i ysteriet sitt og omset alle produkta, i hovudsak, på reko-ringer og i gardsbutikken. Me har òg eit ynskje om å bli meir sjølvforsynte med grønsaker, frukt og bær.

Bruket er ikkje økologisk, men me bruker ikkje kunstgjødsel og sprøytemidlar og ynskjer å utvikla bruket meir i retning av regenerativt og permakultur drift.

Det er eit ekstra hus på bruket, heilt i sjøkanten.

Om nokon er interessert i  meir informasjon er det berre å ta kontakt.

Mvh
Jens Rasmus Tveit og Lucianne Rijpkema
Tlf 90783731 / 97433007
Mail :