Norsk permakulturforening

Introduksjonskurs i permakultur på Alchemilla

Tid: 24. mai 2017 17:00 – 26. mai 2017 16:00

Sted: Alchemilla, Hellandsveien 92, 4150 Rennesøy

Vil du læra meir om korleis designe med permakulturprinsipp?
Da kan du bli med på introduksjonskurs og workshop i Alchemillas omgjorte tomatdrivhus i Rennesøy.

Kurset tek oss gjennom ein aktuell case som det ligg stor overføringsverdi til ditt hagebruk, besøkshage, gardsdrift mm. Vi skal se på kretsløpsfunksjoner i forhold til energi, vatn og avløp, materialbruk, mat og produksjon, samt sosiale koblinger. Kurset vil gje ei innføring i grunnleggande prinsipper for permakultur design, kor vi brukar Alchemilla til å gjere praktiske designøvelser.
Drivhuset er eit 1000 m2 – ja, tusen kvadrat meter – gamalt tomatdrivhus som er omgjort til kulturarena og hage.

Kurset bygger på grunnprinsippa i permakultur;
OMSORG FOR JORDA, OMSORG FOR MENNESKJA, RETTFERDIG FORDELING AV RESSURSAR.
VI TILNERMA OSS TEMAENE FRÅ EIT SOSIALT, ØKOLOGISK OG ØKONOMISK PERSPEKTIV.
Designoppgåva er Alchemilla drivhuset og uteområdet inkl. hagen – med ønske om eit framtidig LAND- senter.

Andre tema vi skal sveipe innom:
Drivhus, aquaponics, kjøkken, sanitær, (VA), tilgjengelegheit og bevegelse, stiar, p-plass, publikum, bygningar, naboskap, urtehage, parsellar, ville vekstar, estetikk og formidling i lokalmiljøet, økonomi og finansiering, nettverk. Og sjølvsagt vegen din til PDC og eventuelt LAND-senter – sertifisering

 

 

Kursleiar: Frederica Miller, permakultur diplomhaldar og Gaiaarkitekt

Prisar: kurs kr. 2300- (studentpris kr. 1700,-) som inkluderer lunsj, middag, tomatar, te, kaffi.
Deltakarane kan disponere drivhuset til å lage eigen frukost. Hengekøye å sove i kr. 150,- elles anbefalast overnatting i Glampingtelt ved drivhuset – pris kommer.
Fasilitetar: toalett, dusj i hageslange, kjøleskap mm.
Påmelding og spørsmål innan 30. april til post@alchemilla.no tlf. 41506578