Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Kurs i heilskapleg gardsdrift og regenerativt landbruk

16 januar - 18 januar

1300kr

Gjennom to samlingar á tre dagar vil deltakarane lære å bruke planleggings-verktøyet Holistic Management for regenerativt landbruk og heilskapleg drifts-, økonomi- og  beiteplanlegging.


Kurshaldar, Anders Lerberg Kopstad, er utdanna innan agroøkologi. Han og kona har sau, høns og grønsaker og praktiserer Holistic Management på eigen gard. Han er godkjent rettleiar i Holistic management frå Savory Institute. Les meir om Anders og regenerativt landbruk.

Samling 1: 16.–18. januar på Øksnevad vgs på Klepp

Holistic management – grunnlaget og rammeverket for heilskapleg drift og ressursforvaltning i agroøkosystemet.

Lær å ta heilskaplege avgjersler og utvikle din eigen heilskaplege kontekst for betre styring av eigen verksemd. Sett teorien om i praktisk og økonomisk driftsplanlegging.

Samling 2: 5.–7. mars på Øksnevad vgs på Klepp

Heilskaplege driftsplanlegging – økonomi-, gards- og beiteplanlegging, vurdere gardens infrastruktur og skifteplan. Lag deretter ein beiteplan for garden.

Samling 3: dato ikkje satt

Beiteøkologi, lese økosystemprosessar og biologisk overvåking i vekstsesongen.

Praktisk informasjon

Kursa bygger på kvarandre, og du bør delta på alle. Kan du ikkje alle datoane, er det mogleg å delta på kurs ein annan stad i landet. Deltakaravgifta er kr 1 300.- per kurs inkludert lunsj og kaffimat.

Meir informasjon og påmelding innan 2.januar 2020 til Ane Harestad i NLR Rogaland på e-post ane.harestad@nlr.no,  tlf 94164528.

Detaljer

Start:
16 januar
Slutt:
18 januar
Kostnad:
1300kr
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Kurs-og-konferansar/2020/01/kurs-i-heilskapleg-drifts--og-gardsstyring2/

Sted

Øksnevad vgs på Klepp

Arrangører

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland